Ordliste

Adalbol; hovudbøle, storgard. Namnet seier sitt om kva tankar Ramnkjell hadde om seg sjølv og evnene sine.
aga; skremma, setja skrekk i
Allsvinn; ein jotun.
andre gongen; første gongen var da jorda vart skapt av kroppen til Yme i Ginnungagap
andsynes; overfor, andlet til andlet
antrast; koma med motseiingar, krangla.
ape; fåming, fåviting, tosk.
attbeding; nøding; ein skulle sjølvsagt bli beden fleire gonger før ein tok for seg av maten.
auser med vatn; også etter gammal hedensk skikk var det vanleg å ausa med vatn ved vigslingar.
austan; austfrå. Slik var tilhøva i Vest-Noreg, elvane kom austfrå.
avl; styrke.
avla; skaffa, vinna.
avlar; esser, eldstad i smie. Elles var slikt arbeid tiltenkt dvergane.
avle; styrke.
banemann; drapsmann - broren er jotnen Bele som Frøy drap. Banemannen til bror min blir såleis ei kenning på Frøy.
batar; hjelper; vera til gagn for.
beite; kryssa, sigla opp mot vinden.
bela; fri (v.)
Bessegòtene; samansett av berse (besse); hannbjørn, bamse og gòte; langstrakt søkk.
Billings møy; ei jotundotter.
bisn; eit objekt for undring og spott.
bivra; skolv.
bjart; klar, lys
bjorsal; ølsal, drikkehall; bjòrr var sterkt øl, ofte innført.
Bjørn Kjøpmann, eller Bjørn Farmann som Snorre kallar han, vart konge i Viken etter at Harald Hårfagre delte riket sitt mellom sønene sine. Bjørn vart drepen av bror sin, Eirik Blodøks, som ville redusera talet på konkurrentar til trona.
bolsterkvile; madrass
brandom; vedskiene (inne i stova).
brauti; vegen.
breidsla; breisla, teppet.
brekke; bakke.
brigd; omskifte.
Brime og Blåin; heiti for Yme
brok; bukse.
brå; snar.
brår; svinga, slår, kjempar
budd; utstyrt .
buførte; førte feet til seters.
Bur; Kua Audhumla, som fostra Yme i Ginnungagap ved å gi han mjølk som næring, fekk sjølv næring frå somme islagde saltsteinar som ho slikka, og såleis vart Bure til. Sonen hans Bur eller Bor hadde tre søner med Bestla, dotter av jotnen Bóltorn. Dei var Odin, Vilje og . Bur sine søner var gode og fagre og vart stamfedre til æsene si ætt.
Byleist; er ein jotun, bror av Loke.
Dei var ikkje vant på gull; dei mangla ikkje gull.
den dimme draken; Nidhogg, ein orm som bur ved den rota til Yggdrasil som endar i Nivlheim, ved brønnen Hvergelme. Nåstranda er breidda til denne brønnen. No viser Nidhogg seg for siste gong.
den mæte mjød; den framifrå drykken er Suttungs skaldemjød som Odin stal.
den store (guden); kven denne store guden er, er uvisst; Odin har jo falle i kamp.
dragast; slåst.
dros; vørdeleg, stateleg kvinne, ung og ven kvinne.
drotten; herren
Dublin; var frå om lag år 900 til eit stykke ut på 1200-talet eit norsk vikingkongedømme.
dulram; samansett av dul, skjult og ram, svært. Ei dulram dros er ei jente som er svært flink til å halda ting skjulte.
dvergar; Dvergane og svartalvane, som ofte ikkje vart haldne skarpt frå kvarandre, budde djupt under jorda, eller dei kunne halda til i eller under steinar og i haugar. Dei var småvokste og stygge. Om svartalvane heiter det at dei var svartare enn bek. Ei mengd dvergar er nemnde i dei gamle kjeldene. I Voluspå vert ei heil fjøld av dei rekna opp. Det viktigaste gjøremålet deira var smedarbeid, og i det kunne ingen måla seg med dei. Alle framifrå våpen og kostesame klenodium som vi høyrer om i dei eldste segnene, var gjorde av kunstferdige dvergar. Dei var hatske på gudar og menneske og lite villige til å arbeida for dei. Når dei vart tvungne til det, prøvde dei alltid å gi verket sitt ein trolldomsaktig ulykkesbringande eigenskap så eigaren fekk lita glede av det.
dølja; skjula
Dåin, Dvalin; sjå Voluspå 11.
dåm-ven; ei dåmven dros er ei jente som luktar godt.
eignelut; eigedel.
eigni; eigedelane, godset.
ein-nætt is; is som er ei natt gamal.
eirhjelm; kopparhjelm eller kanskje gullhjelm. Poenget her er at den skinande hjelmen stikk seg ut i mengda av krigsmenn, og såleis kunne kongen bli eit lett bytte sidan det var greitt å sjå kor han var. Snorre seier at ein av mennene dekte til hjelmen med eit klede for å unngå at alle danskane søkte mot Håkon.
èk; aka - èk - ók - ake; kjøra, fara.
el; (ala - el - ol - ale); skaffa seg, bera på; også avla, føda.
elleve eple; Idunn sine eple. Idunn var gudinna for den evige ungdommen, og epla hennar hadde ein foryngande effekt. Kvart år måtte æsene eta av desse epla. Det er såleis litt av eit framlegg Skirne kjem med her; ikkje bare skal jotnane bli fruktbare som aldri før, men dei skal òg kunna leva til evig tid.
erge; unaturleg seksuell lyst.
etlar; har i sinne.
evlar; maktar, greier, meistrar.
fagna; gjevt.
fagna; tatt imot.
fagnad; glede, ære
fallande båre; fallande sjø, da viktige arbeid ikkje måtte gjørast.
fe-eign; eige av gods.
fegen; glad
feig; dødsens, dødsmerkt
fe-muner; eigedelar, rikdommar.
Fenres ungar; her siktast det truleg til Skoll og Hate, to jotnar i ulveham. Dei gav seg til å fara etter Sol og Måne for å sluka dei. Sol og Måne må derfor skynda seg på himmelen, men ein dag vil forfølgjarane nå dei. Hate er den fælaste. Snorre nemner at han òg vert kalla Månegarm eller månehunden, men dette namnet er ikkje nemt i eddadikta, og forskarar meiner det kan vera ei mistyding frå Snorre si side.

Somme kommentatorar vil ha det til at Fenres her er Fenresulven, men det gir lita meining utan Fenres ungar vil seia noko slikt som Fenres skyldingar, slekta hans. I den meininga kan ulvane Skoll og Hate gi meining. Dette er vanskeleg å avklara da den strofa som er nytta som underlag for omsetjinga ikkje er tatt med i den autoriserte utgåva av eddadikt som ligg til grunn her.
feransdom; (sett saman av fe, gods, rans, taka i frå og dom) dom som går ut på å ta godset frå ein som er dømd på Alltinget.
fet; steg.
fimbul-tul; gammal vismann; Odin.
fimbul-ty; Odin. I Håvamål er han kalla fimbul-tul.
Fitjung; visst namn frå Fitjar.
Fjalar; her om Suttung, far til Gunnlòd og herre over skaldemjøden som Odin stal. Elles er Fjalar ein dverg og ein hane.
Fjalar; den sotraude (sic!) hanen som bur nede hos Hel og som gel når ragnarok kjem.
fjetrone; fotlenkene. (Jfr. eng. fetters)
Fjorgyn; Jord, mor til Tor. Jord, Lodyn og Fjorgyn er same personen.
fjørham; Frøya åtte ein falkeham som lot den som tok han på seg fly som fugl.
fjåg; glad.
flein; pil, kastespyd.
flein; pil med haker; flein-floa blir såleis ei kenning for pileregnet
fordom (adv.); før, tidlegare.
forn; gammal.
fortalde det; drap skulle lysast eller kunngjørast, elles vart det rekna som mord eller løyndomsdrap, og det vart ein lyst fredlaus av.
framfaren; død; gjetarguten meiner her at enten er Skirne alt død og derfor eit gjenferd, eller så er han snart død.
frega; spørja.
Freke; namn på Fenrisulven.
fretta; spørja, fritta ut
frilleviv; konkubine, elskarinne.
frode; kloke
fræge; namngjetne, vidspurde.
frøde; kunnskap; kvede, song; trolldomssong.
frøkleg; djerv, motig.
fulla; heilt ut.
fyrndeheim; dei tidlegaste tider.
fyser; lyster. (Jfr. u-fyseleg; ulystprega)
fær; gir.
fåmen; hjelpelaus, stakkarsleg.
fått; få ting.
fåvis; dum.
gagleskogen; fugleskogen ; ein gagl er ei lita gås.
galdrar; syng trollsongar.
gall; feil, lyte.
gaman; glede, hugnad.
gambantein; trollstav.
gandar; gand er trolldom eller magi.
gantast; halda moro og leven, skjemta, fjasa; apast.
Garm; hunden som vaktar nedgangen til Hel.
gasta; storarta, framifrå
gaumar; anser, gir akt på.
geiren; spydet.
geirom; (instrumental dativ pl., styrt av med) ein geir er eit spyd.
giddande; skjelvande.
Gim-le; namn på det nye landet etter ragnarok.
gir; begjær, attrå.
gjerug; den gjerrige.
gjerugskap; det å vera gjerrig.
gjet; gjettar.
gjete; vokta, passa på; jfr. gjetar
gjeti; fortalt.
gjet no vel på; pass no godt på.
gjetord; omdømme, rykte.
gladvær; munter, livleg, vennleg.
globjart; glimtande og skinande.
Gløymsle-hegren; "hegre" vart nytta karakteriserande (og nedsetjande) om personar.
gløype; sluka.
Gnipaheller; bustaden til Garm.
gny; tuta, dura, braka.
gòdord; vyrdnad som gòde. Gòde - (gno. gòðe, avleia av god, gud) nemning på islandsk heradshovding i fristatstida. Vyrdnaden hans vart kalla gòdord og var arveleg, men kunne seljast og overdragast. Opprinneleg var det tre gòdord i kvart tinglaget, tre tinglag i kvar fjerdingen, altså 36 gòdord. Seinare fekk nordfjerdingen fire tinglag, så talet av gòdord steig til 39. Då kristendomen vart innført, mista godane dei religiøse funksjonane sine som tempelstyrarar, men tok vare på den verdslege makta si, som vesentleg var av administrativ art. Gòdane hadde sete i lagretten og dermed del i den lovgivande makta. Til Island var namnet gòde overført frå Noreg, der ordet opprinneleg var ei nemning for ein heidensk prest (blótgo&ethi, hofgo&ethi).
grannvar; svært varsam.
grasgeil; grasgrodd krøterveg.
grindar; karmar, bingar.
grjot; stein. Ordet finst framleis i stadnamn som Grøt og Grøtdal - steindal.
grjotberg; steinberg; grjot var gammalnorsk for stein og finst i dag i stadnamn i samansetningar som Grøtdal.
Grjotteigsel; samansett av grjot, stein, teig, jordstykke og sel, seter.
gryler; murrer, er lite nøgd.
grøtte; fikk til å gråta.
gruv; fell framover.
gråhærd; gråhåra.
gudetjodi; gudefolket, gudeflokken.
gude-vorden; Heimdall
gullhyrnde kyr; kyr med gullhorn blir her eit bilde på jotnane sin ufattelege rikdom. Denne trua på jotnane som ustyrteleg rike heldt seg lenge i norsk folketru i tanken om dei enorme rikdommane til trolla i berget det blå.
Gullinkambe; den gullkamma hanen som gel når ragnarok kjem og vekkar gudane. Det same skal den svarte hanen i Hel og Fjalar, den raude hanen i Jotunheimen, gjøra.
Gullveig; mange meiner at det her er snakk om ei personifisering av gullet. Ein kan òg gjøra seg opp somme tankar om kvifor det er personifisert som ei kvinne.
Gunnlòd; var sett til å vakta skaldemjøden som far hennar, jotnen Suttung, åtte.
gygrehyrding; ei gyger er ei jotunkjerring og ein hyrding er ein gjetar.
Gymes-gardom; dativ fleirtal. Gyme var ein jotun og far til Gjerd.
gøyser; sprutar.
gåvo; pret. pl. ; gav.
hagleg; høveleg, passande.
hamnar; slepp ut på beite i hamnehagen
hapt; band.
Harald Hårfagre (ca. 865 - ca. 945) var konge i Noreg frå ca. 897 til han døde. Rikssamlinga møtte vesentleg motstand, og det ikkje snakk om ein nasjon av nordmenn på denne tida. Folk opplevde seg framleis som stammefolk; trønderar, håløyger, ryger osb., og mange flydde av landet framfor å gi seg inn under Haralds kongsmakt. Somme drog i viking og andre busette seg på Island.
hausen; heilen, skallen, hovudet.
hedan; herfrå.
hedna; hovudhåret.
Heimdalls ljod; Gjallarhornet, som Heimdall skal blåsa i under ragnarok.
heimen; verda.
hekk; heng.
heldo; pret. pl. - heldt.
helga; heilage.
helvta; halvparten.
heppe; hell.
hera; hit
Hildarleiken; Hild var ei valkyrje. Hildarleiken blir såleis ei kenning for striden, som òg vart kalla Hildarting.
himmelhestar; Himmellekamane Sol og Måne vart òg skapt av Odin, Vilje og . Til det brukte dei gneistane frå Muspellsheim som for omkring i lufta. Sola og månen vart sette på kvar si vogn, og kvar vogn fekk to hestar. Hestane til Sola heitte Årvak og Allsvinn (Árvakr; den tidleg vakne, Alsviðr; den svært hurtige). Framom sola står skjoldet Svalin Svalinn, kjølaren). Til å kjøra vogna vart sette dei to deilige barna til Mundilsfare, Sol og Måne. Mundilsfare var så stolt av dei at han hadde kalt opp dottera etter sola og sonen etter månen. Til straff for eit slikt overmot sette så æsene dei til å kjøra vognene til sola og månen.
hitt; det andre.
hittast; møtast, treffast.
hjuring; gjetar
hordom; utukt.
Horg og hov; svært ofte nemnde i lag; større og mindre blotehus
hovsamt; måtehalden.
hovudtoppen; det oppsette håret på hovudet.
hugverk; sut, angst, anger.
husar; er genitivforma av hus.
hædde; spotta, gjorde narr av.
hædt; spotta.
hæv; gild, gjæv, framifrå god, dugande, dugeleg.
håd; spott; hæding
håle; glatte.
Hårs hall; Valhall; Hår var eit heiti for Odin - den høge.
håttar; sansar, merkar.
Håvahalla; halla til Hår, "den høge", d.e. Odin.
Håvamål; sett saman av Hår; den høge, Odin og mål; tale. Håvamål vil altså seia talen til den høge.
håvár; samansett av , høg og varr som har to meiningar: 
1) varsam, forsiktig, redd
2) oppmerksam, vis, kunnig
Alle som heiter Håvar, kan velja kva for tyding dei vil leggja til grunn; for Håvamål er det den første tydinga som gjeld; stillferdig og tilbakehalden.
Idavollen; I Åsgard bygde æsene ei stor borg, og midt i borga låg Idavoll. Her reiste dei to herlege salar; Gladsheim med høgsete for Odin og dei tolv høgstætta æsene og Vingolv med høgsete for Frigg og åsynjene.
idka; utretta.
i koll; over ende, ned.
illkynd; slu, ful, lur.
illmenne; vondt menneske.
ilt mun batna; vondt vil blir til godt.
innvere; rom.
i nord; At jotnane budde i nord, kjem av at dei var kuldemakter. Gjorde ikkje Tor jobben sin med å ta livet av dei, ville dei fort bli svært mange, og kulda ville breia seg over verda. Somt av denne førestellinga finn vi att i yngre folketru, der trolla budde i nord. Når vi til dømes hører i folkevisa Margjit og Targjei Risvollo at Margit var ute og gjekk i lio nord, er dette ein kode som fortel at ho var ute og gikk i trollandskap. Moderne menneske treng ein smule kulturhistorie for å oppfatta denne koden.
jarle-banen; er her ei nemning på Håkon. Kva for jarl han skal ha tatt livet av, er ikkje visst, men det kan vera Øyvind her siktar til ein av Eirikssønene.
Jormund-gand; namn på Midgardsormen.
Jotnar; Dei jotnane Volva minnest "i opphav borne" er først og fremst Yme, som er nemnd i neste strofa, men òg Bóltorn, Bure og Bor. Det er eit tankekors at vondemaktene, jotnane, vart skapte før gudane, og at gudane ættar frå denne fælenskapen.
Jotungubben; Suttung, far til Gunnlòd.
jotun losnar; jotnen Loke blir fanga av gudane, men kjem laus under ragnarok
kaggar; originalen brukar ordet sáld. Jamvel om eit såld ikkje var like stort over alt, reknar ein med eit standardmål på 97,2 liter pr. såld. Det vil seia at Tor drakk innpå 300 liter mjød!
kje; ikkje
kjelle; kvinne.
kjæremål; tvist.
kjærfengd; kjært å få.
klikkar; skrik av glede.
kópen; den stirrande tosken.
kot; kott; lite, ringt hus, hytte.
kruslen; hanglet, sjukleg.
kråom; dativ pl. - krå, krok
kråser; godbitar.
kulsar; frys. Denne stakkaren frys fordi han er våt opp til knea.
kulten; den gjeve mannen.
kurer; kosar seg med misnøya si.
Kvedrungs-sonen; Fenresulven. Kvedrung er eit anna namn på Loke.
kveikjest; blir tent, sett fyr på.
kveikt; pret. av kveika; tenna.
kverv; blir borte.
kvik; frisk.
kvitande våg; elv som fossar ved Yggdrasil
kyndlar; faklar.
kyrr; roleg.
kyte; skryta
lag; skjønn, evne; humør.
lagnads-burdar; lagnadstunge bører; dei store og dramatiske hendingane rundt ragnarok.
lang-vener; som har vore vener i lang tid.
Laugarhus; badehus.
Lauk; vart sett på som ein heilag plante. Denne førestellinga er framleis levande i mellomalderen, og lauken vert omtala i mellom anna folkevisa Margjit og Targjei Risvollo
leiast; ha ulyst på.
Leikskålar; ein skåle er hovudbygningen på ein gard, eit slags langhus nytta til eldhus, sovehus og gildestove. Leikskålar må såleis kunne omsetjast med morohusa eller morogarden, men denne tolkinga er usikker.
Lepp; (hår)lokk, oppnamnet spelar på den lyse hårlokken i panna.
let; farge.
leta klede; farga klede.
Lidskjalv; høgsetet til Odin som står midt i Vålaskjalv. Frå dette høgsetet sit Odin kvar dag og ser ut over verda. I Skirnesmål får vi høra om kva som skjer når overmotet fér av med Frøy og han set seg i Lidskjalv. Straffa er grueleg.
Lin; Frigg, kona til Odin.
lindorm; Midgardsormen. Stjørdal har ein lindorm, drake, i kommunevåpenet
lita seg; nøya seg.
live; gi livd, skjul.
livsens; legg merke til den doble genitiven (frå lifsins) i faste uttrykk som dødsens alvor, havsens botn og livsens varme.
ljod; togn (så ein kan lyda; hørast).
ljomande; høgt støyande
ljuv; kjær, hugleg, behageleg, mild, blid, vennleg.
Lodyn; Jord, mor til Tor.
logar; eldtunger
logn; stille, roleg.
Loke styrer; det ser ut til å vera noko usemje hos dei gamle på dette punktet. Etter Snorre-edda er det Rym som skal styra Naglfar, men etter Voluspå er det Loke.
Lokhylla; gardsnamnet kan ha samanheng med lok, ugras.
Lorride; Tor.
luten; delen; lagnaden.
lydar; folkegrupper. Ordet finst oftast i samansetningar; folkelyden, kyrkjelyden. Dei helga lydar eller heilage folkeslaga er gudane.
lyklar; nøklar, eit teikn på husmora sin vørdnad.
lyte; mangel, feil.
lytelaust; utan feil eller manglar.
lægre; lågare.
læta; lite grann, svært lite.
løyner; skjuler.
løynt; skjult.
låkare; skralare, dårlegare.
låst; lata som om.
magn; makt, styrke, kraft. Magne vil altså seia han som har styrke.
maksla; arbeida med, laga til, setja saman.
mangment; med mykje folk.
mannfjølde; menneskemengd.
marom; dat. pl. merrene.
meinkroken; vrangvillig mann; stakkar som bare har glede av å gjøra andre vondt.
meinlogar; vonde flammar
meinsleg; vanærande.
meitte; klippa, skar manane (på merrene sine).
Midgard; manneheimen. Midt i Midgard låg Åsgard.
Miklagard; Konstantinopel, no: Istanbul.
Mimesbrunnen; Aska Yggdrasil hadde tre røter. Ved den rota som var hos rimtursane fanst det òg ein brønn som tilhøyrde den vise Mime. I denne brønnen var det største mannevitet gjømt, og Mime drakk av han kvar dag. Odin la her att det eine auget sitt i pant for å få visdom, eit mytologisk bilde på at høg visdom har sin pris, og at den som er svært klok, ofte òg er noko einøygd.
Mims søner; dei vise jotnane.
mistelteinen; ein snylteplante som veks oppe i andre tre. Det var ein misteltein som tok livet av Balder.
Mjolne; hamaren til Tor som trefte det han sikta på, og som kom tilbake til han av seg sjølv. Han trong ta på seg ein jernhanske for å hanskast med eit så kraftig verktøy.
mod; sliten, utslite.
Modsogne; den lange oppramsinga av namn på dvergar som kjem i dei neste strofene, tyder på at dvergane var viktige for gudane (og menneska), men tilhøvet mellom dei var ikkje enkelt. Jamvel om dvergane hjelpte gudane ut av mang ei knipe, gjorde dei det på ein måte som skapte nye vanskar for gudane. Eit godt døme på det er historia om korleis Fenresulven vart bunden som førte til at Ty miste høgre handa si og stod svekka overfor Jotnene i ragnarok.
motfallen; deprimert.
Mot nord snur døri; slik lever troll. I menneska si verd var det ingen som var galne nok til å la døra venda mot nord, ja, dei ville ikkje eingong ha ein glugge vend den leia. Vi ser at heile denne salen står frå soli vend, dvs. vend mot nord, eit sikkert teikn på trollskap og styggedom.
mullar; mumlar låg og usamanhengande.
mun; kan (monne)
mødde; slitne.
Møyar; Urd, Skuld og Verdandi er dei viktigaste nornene.
mætan; gild.
mæte; gjeve, framifråe
målsven; omgangsven, god ven.
måni; manane.
Naglfar; eit skip som er laga av neglene til døde menn. Det skal løsna under ragnarok, og Loke skal styra det. Derfor var det naudsynt å skjera neglene på døde menn så Naglfar vart så mykje seinare ferdig. Denne naglskjeringsmyten kan sjå ut til å vera noko ung, for språkforskarar har tolka ordet som avleidd av eit ord for å drepa (jfr. latin necare). Naglfar kan da tolkast som dødsskipet.
near; minkande måne.
neise; klandra, lasta; mobba
neist; klandra, lasta; spotta; hæda.
nem; tar imot.
Nidhogg; ein orm som bur i brønnen Hvergelme i Nivlheim der han gneg på ei av røtene til Yggdrasil.
njosn; speiding.
Northumberland; er i dag området kring Newcastle, men opprinneleg var det eit eige nordengelsk kongedømme før vikingane sine erobringar.
nyte; gode, dugelege.
nærskylding; nær slektning.
nøgdi; meir enn nok.
nøydde; tvingde.
nøytte seg; skunde seg.
nåar; lik.
nåekroppar; lik.
någrinda; likgrinda; grinda til Hel?
nåme (frå norr. í námunda - i nærleiken, ná er avleidd av nær-); nåme nær - nær nok; ikkje nåme nær; langt frå ikkje, ikkje på langt nær
Nåstrandi; likstranda; namn på stranda til brønnen Hvergelme som ligg i Nivlheim hos Hel.
odd-fossen; kenning for blodet
Odinssonen; Balder. Ringen vart med på bålferda hans.
Odins-veret; kenning for kampen
Odrere; skaldemjøden. Eigentleg eit av dei kara skaldemjøden var i.
Ods møy; Frøya var gift med Od, men han hadde stukke sin veg. I både Trymskvida og Skirnesmål kjem vi inn på den problemstillinga som her blir reist. Frøya er ei økslingsgudinne. Ho ser til at det blir fleire av dei som ofrar til ho. Skulle ho koma under jotunmakt, var det fare på ferde. Jotnane er i seg sjølv utruleg fruktbare. Skulle dei få kontroll med Frøya, ville det bli så mange jotnar at Tor ikkje greidde å halda talet på dei nede. Det ville ikkje bli greitt å vera menneske når kuldemaktene kontrollerte verda.
old; regjeringstid
old; dei tidlegaste tider; tidsalder.
oppheimen; himmelen.
orloga; lagnaden. Det volva her ser, er Balders død.
orm ringlagd; når ormen ligg i ring, er han klar til hogg.
otta; tidleg om morgonen.
ottast; er redd, engster seg for.
ovbyrg; svært stolt.
ovdrykkje; svært mykje drykk, så mykje at det er meir enn ein har godt av.
ovrike tola aldri eg gjer; Ho tåler aldri ovrike, dvs. tilbodet om den storarta ringen og dei fantastiske epla gjer ingen verknad på ho.
ovsterke; svært sterke, kjempesterke
på benkjer halm; det kan tykkjest rart at ein strør halm på benkane når ein skal stella i stand til gilde, men i gammal tid var det ei hygienisk førebuing. Etter gildet var det bare å sopa saman halmen frå benkar og golv med alt det svineriet som i det fanst og setja fyr på det.
på borg; på kreditt.
på ringen; dei svor eidar på stallaringen ("altarringen") i hovet, ringen til Ull.
raga; sjangla.
Ragna-Ropt; Odin.
ramt; øydeleggjande.
raster; mil.
Rata-tonn; Rate var den navaren (ein slags stor bor) som Odin brukte til å bora seg veg gjennom berget fram til skaldemjøden.
rauste; flinke, dugande, modige.
reia ut; utstyra .
reka; utføra.
Rimgrimne; som har ei maske av rim.
Rimne; ein jotun.
ring; Draupe, smidd av dvergane. Namnet viser til at det stadig dryp nye ringar av han.
rise; stå opp, jfr. eng. rise.
rismål; tid å stå opp.
rjotande; rautande.
Ropta-ty; Odin.
Rossegeilene; av ross - hest. Vi finn ordet i mange stadnamn i dag som t.d. Rossvoll; hestvoll. Jfr. Grasgeilene
runer på frisk rot skorne; runekunnige kunne skada folk med å skjera runer i ei frisk rot og galdra over.
runeskior; den som kunne skjera runer i tre, hadde magiske krefter og kunne rå over lagnaden til folk.
Rym; ein jotun som kjem austfrå under ragnarokk. Alle rimtursene følgjer han, og dei fylker seg på vollen Vigrid, som er hundre mil brei kvar veg. Namnet hans tyder truleg "den avfeldige" - alle jotnar var gamle, men ikkje jentene deira!
rær; på seglskip: rund bom som sit på tvers av mast og gjev feste for råsegl; Stutte er skips rær; ein kjem ikkje så fort fram som ein ønsker.
rødde; talte.
rødor; samtalar.
røseleg; stasleg.
røynast; resiprokt verb; prøva seg på kvarandre.
røyna ut; spørja ut for å finna ut kva som er i vegen.
røynest; får prøva seg.
røyri; sivgraset.
råka; trefte, møtte.
saklaus; utan grunn.
saks; einegga sverd. Følgeleg er uttrykket tveegga sverd ein pleonasme da det er definisjonsmessig at eit sverd har to eggar.
seid; trolldom eller magi (med song). Seid vart oppfatta som den argaste formen for magi.
selle; mann
sess; sitjeplass, sete
sikling; heiti for konge el. fyrste
Sindre; ein dverg. Sindre-ætta er såleis dvergane
sjølv; Tor.
sjølvannan; saman med ein.
sjølvo seg; av seg sjølv
Skade; gift med Njord og av jotunætt. Sjå Njord.
skaft; støvel. Eigentleg er skaftet den delen av støvelen som går frå rista og oppetter leggen.
skilja oss; dela gods mellom oss.
skipa på bordet; dekka på bordet.
skjek; pret. av skaka - rista
skjell; hogg, slag.
skogulskyer; kenning for bloddampen
skok; pret. av skaka, rista.
skoklar; skjæker
skosvein; tenar
skyldskap spiller; øydelegg slektsforhold.
Slid; elvenamn; den fæle, leie elva.
smalemann; gjetar.
smalen; sauane
Sol og måne; Himmellekamena Sol og Måne vart òg skapte av Odin, Vilje og . Til det brukte dei gneistene frå Muspellsheim som for omkring i lufta. Sola og månen vart sette på kvar si vogn, og kvar vogn fekk to hestar. Hestane til Sola heitte Årvak og Allsvinn (Árvakr; den tidleg vakne, Alsviðr; den svært hurtige). Framom sola står skjoldet Svalin Svalinn, kjølaren). Til å kjøra vogna vart sette dei to deilige barna til Mundilsfare, Sol og Måne. Mundilsfare var så stolt av dei at han hadde kalt opp dottera etter sola og sonen etter månen. Til straff for eit slikt overmot sette så æsene dei til å kjøra vognene til sola og månen.
Solar-tjuven; Skoll, ein trollulv, er han som slukar sola og såleis stel ho.
solbjart; lys som sola.
spak; ville på norrønt først og fremst seia klok, vis, men ordet hadde og ei sidemeining fredeleg, roleg som svarar til den meininga ordet har i dag. Dei lovspake mennene var naturlegvis dei lovkunnige mennene.
Spjut heiv Odin; dermed oppnådde han to ting. For det fyrste innvigde han striden, og for det andre vigde han dei som fall til Valhall slik at dei kunne koma til nytte for han under ragnarok.
sprungo; pret. pl.; sprang.
stader; At ingen av himmellekamane visste kvar dei hørte til, minner sterkt om den gamle greske førestellinga om at verda vart skapt av kaos. Ein kan sjå dette som eit døme på at den norrøne mytologien ikkje vart til i eit kulturelt vakuum, men at han var under påverknad frå framande kulturar. Slik sett blir situasjonen noko vanskeleg for dei som vil satsa på det reint norske, for noko slikt finst truleg ikkje i det heile.
stortul; storgjev vismann.
styving; dum, tosket, ukunnig person.
støl; seter.
sullar; våsar.
Surt; ein jotun, han kjem ridande over Bivrost i spissen for jotnane når ragarok kjem. Surts slektning er Fenrisulven som skal sluka verda.
sut; sorg, bekymringar, tunge tankar.
Suttung; ein jotun som Odin stal diktarmjøden frå. Suttung sine søner er jotnane.
svalle; tala om uviktige ting, samrøda lett, prata.
sverde-neset; kenning for odden på sverdet
sviplik; 1. som kjem og fer snøgt, forgjengeleg. 2. nedslått, snurt, flat.
svive; fara, flakka, driva.
svivørding; spott.
svæver; få til å sova, roa.
synkverving; trolldom som gjør at ein ser ting som ikkje er til. M.a.o. eit slags antikt fjernsyn.
systrungar; søskenbarn.
sætte; dømma.
sætter; forlik, avtaljar, semje.
sårelden; kenning for blodet
sårsjø; kenning for blod
tagal; taus.
tausperra; som har rafter, taksperrer, av tau.
tavl; spelebrett.
tegnen; mannen, fri mann i teneste hos ein hovding.
temjings-tein; kvist som temmar; ris?
tidender; nytt, hendingar.
tidig; frisk, i godlag, opplagt.
timbra; tømra.
tistelen; etter folketrua øydelegg ein tistelvoksteren ved å slenga ein tistel opp under taket. I denne forbanninga ligg det vel at Gjerd vil bli like kortliva.
tivar; (tifar, pl. av ); gudar.
tjelda bu; reisa eit slags skinntelt.
tjodi; folkemengd, flokk av folk; her er det snakk om gudeflokken.
toka; taket.
tolar; verktøy
toll; ung furu.
tramar; troll, vonde ånder.
trega; angra.
trege; sorg, anger
treiv; tok tak i.
tremenn; brukt som vegmerke eller liknande.
treisk; lur, sløg
trivle; famla, veiva.
tròten; fylt.
trott; evne til å halde på iherdig og lenge.
trøya seg; tilbringa tida, få tida til å gå, underhalda seg.
tul; klok mann.
tule-stolen; stol som tulen (vismannen) nytta når han tala.
Tund; Odin.
tuntroll; underjordisk som held til i tunet (tunrider).
turftig; trengande.
turvte; trong.
Tuss; runen Þ, trollrune. Å riste runer ville seia å skjera dei inn i tre. Slik kunne ein få makt over menneske. Ein merkjer seg her at det er hatruner Skirne vil rissa og ikkje elskogsruner. Igjen er det det naturmytiske alternativet som er så grueleg at han må vera viss på at Gjerd er klar over kva som vil kunne skje.
tussedrotten; hovding for jotnane.
Tussemøyar; Kven desse tre tussemøyane er, er ikkje heilt klart, og det ligg føre fleire tolkingar av det som skjedde. Voluspå har fortalt at i opphavet, da Valhall og Åsgard var bygde, levde dei alle lykkelege til det kjem tre mektige tussemøyar frå Jotunheimen, og snart tar ufreden til mellom æser og vaner. Eit ledd i opphavet til striden var at ei kvinne, Gullveig, er blitt brend i Valhall. Dei tre gonger brende den tre gonger fødde, og enda lever ho, seier Voluspå (strofe 23). Æsene rådslår om freden står å redda, men det er uråd. Odin slyngar spydet sitt over fiendehæren, og den første hærstriden bryt laus. Borgveggen til æsene blir sundbroten, og vanene trengjer inn i Åsgard. Det kjem til fred mellom æsene og vanene, og dei utvekslar gissel til pant på freden.

No er det slutt på den gylne uskyldsalderen. Gudane må verja seg mot fiendtlege makter, somtid ved svik. Andre jotunkvinner som Skade og Gjerd fekk tilgjenge til æsene sine bustader. Fredstida måtte vika for den urolege krigstida, og no trong gudane meir enn før tryllevåpen og hjelp frå einherjane. Gudane er ikkje lenger fredelege verdsstyrarar, dei fremste blant dei er krigsgudane. Til denne tida høyrer dei mange segnene om storverk og svikefull framferd, og det er langt frå alltid at gudane vinn siger og heider. Ufreden når så frå gudar til menneska. Valkyrjene rir til menneskeverda, og freden er borte der også. 
Gullveigepisoden er tolka på ulikt vis. Sigurðr Nordal reknar Gullveig for å vera ein inkarnasjon av gullet, og dei tre tussemøyane er skjønne kvinner som vekkjer strid. A.G. van Hamel løyser problemet på ein annan måte i "The Game of the Gods". Gudane sine spelebrikkar av gull samanliknar han med liknande spel i walisiske segner, og han  peikar på at både gullet og spelet har magiske krefter. Gudane styrte verda med spelet sitt. Tursemøyanse stal spelet og brikkane og brakte konflikt inn i ei verd av harmoni. Gudane må gripa til ufredelege middel. Dei skapar dvergane og dei bryt eiden sin, men forfallet kan dei ikkje stogga. Etter ragnarok finn dei æsene som overlever brikkane igjen, og spelet kan ta til på nytt i ei verd der harmonien er gjenoppretta.
tusular; tussar, tuslingar. Trolla har mange namn.
tvegen; vaska, rein.
tvivetring; (hest) som er to år gamal.
tynte; drap.
tyntest; omkom, vart drepne.
ugjerest; tapar seg.
umannsferd; redd eller feig manns ferd (legg merke til at feig hadde ei anna meining i norrøn enn i vår tid. Ungdomsspråket gir ordet dessutan ei tredje meining, nemleg urettferdig, og ho gjeld ikkje her.) Denne strofa uttrykkjer ein bit av den norrøne etikken som kan verka noko framand på somme i vår tid. Før det første gjeld lagnadstrua. Same kva ein gjør, kan ein ikkje sleppa unna det som er fastsett av nornene. Derfor kan det vera like greitt å trå til skikkeleg, for var det fastsett at ein skulle sleppa unna med det, slapp ein unna med det. Ei slik innstilling kunne ha skapt mang ein Rambo.
I kjølvatnet av dette kjem førestellinga om at somme slepp unna med kva som helst, mens andre får aldri gjort det grann. Dei gamla snakka om goðan drengr når dei tenkte på slike som var fødd med sølvskei i munnen og gullhår over det heile. Lítillmaðr var den nemninga dei brukte på slike som aldri lyktest med noko. Om ein var av det eine eller andre slaget, var ikkje noko ein kunne gjøra noko med, det var fastsett av nornene. I alle høve ser ikkje Skirne nokon grunn til å oppføra seg som om han var redd, jamvel om han nok var det.
unaleg; triveleg, gledeleg.
undur; formiddag, middagstida.
une; ha det triveleg, lika seg.
une; trivnad, hugnad.
uneleg; triveleg. I denne strofa er meininga at bare eit så slu kvinnfolk som Heid kunne finna trivnad i å halda på med slik trollskap.
uner; er tilfreds. Legg merke til kor kostbar Gjerd gjør seg. Det er faktisk heller uvanleg, for det låg i trolla sin natur å søkja samkvem, gjerne seksuell samkvem, med gudar og med menneske. Likevel passar denne uviljen til Gjerd godt inn i den naturmytiske tolkinga som er gitt av dette kvadet.
Urdarbrunnen; ein brønn ved Yggdrasil kalt opp etter norna Urd som budde der saman med Verdande og Skuld.
utole; utåleleg plage eller lyst.
uvarleg; utrygt.
val; falne menn.
valda; gjøra, forårsaka
valdyret; Fenresulven.
valfader; Odin. I denne samanhengen vert han påkalla som autoritet for å styrkja tiltrua til det som diktet fortel.
valgalder;(sett saman av val, mann som har falle i slag og galder, tryllesong) tryllesong som vekkjar dei døde.
Valtam; den stridsvante.
valtiva-vé; den heilage bustaden til krigsgudane.
vandt; vanskeleg
vaner; nemning på dei eldste gudane i norrøn mytologi. Dei vart i seinare tid fortrengde av æsene.
vanheppe; uhell, dårleg lykke.
vaningen; Frøy, som var ein av vanene.
vanta; mangla.
vardar; held vakt, vernar
varest; legg merke til, bli var.
; heilag stad.
vega; fella. Vidar skal hemna Odin ved å drepa valdyret Fenresulven.
Vegtam; den vegvante, dvs. vandringsmannen.
veitsle; gilde.
velor; list, knep.
verjemål; forsvar.
versnar; blir dårlegare.
vesal; låk, dårleg.
vesalmann; liten, fattigsleg mann
vettervegen; vintervegen: å visa nokon vintervegen er å visa han bort.
viljen; friviljug
vindalt tre; treet der det bles er truleg eit slags pinsletre, nytta ved asketiske innviingar der ein skulle læra seg å kjenna løynde ting (t.d. runer, som her).
Vindheim; himmelen.
Vingtor; i Vavtrudnesmål 51 er Tor kalla Vingne.
vitje; sjå om.
volve; spåkjerring.
vægsam; ettergivande og føyeleg.
vørde; verdsette.
vørdnaden; æra.
vøre; pret. konjunktiv av vera.
våbandi; ulykkesbandet; kva slags band Våle snur eller flettar på, er uvisst.
våden; ulykke som fører til død.
vålyndt; ikkje til å lita på; ustø; utrygg.
vånd; lita stong, grann kjepp, tein. (jfr. eng. wand - tryllestav)
Ygg; heiti for Odin, jfr. Ygg-drasil, Odins hest, som namn på galgen. Det kan verka som eit paradoks at livstreet er det treet folk vart hengde i.
ym; pres. av ymja - jamrar.
Ynglingeætta; Den norske kongeætta stammar etter segna frå Frøy, eller Inge eller Yngve som han òg vart kalla. Dette er ein svært vanleg måte å legitimera makt på; den som ættar frå gudane kan menneska vanskeleg setja seg opp mot. Ynglingane kom truleg frå Sverige og busette seg i Vestfold. Det er rimeleg å tru at dei kom sjøvegen.
York; av gno. Jorvik, sentrum for Danelog, danskene sitt område i England.
æve; evig tid. Stutt er ovmots æve motsvarar vårt hovmot stor for fall.
øyra; låglendet attmed ei elv.
åbit; morgonmat.
ålsvarte; heilt svarte
årle; tidleg.
åsa-kulten; Tor.
Åsa-son; gudeson (son av æser)
åthug; medvit; evne til å leggja merke til det som skjer.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  翻译: